Sunday, April 1, 2012

Kvifor er norske nettaviser så stygge?


<Apologies to Anglophone readers - this is a rant about Norwegian e-newspapers, so more aptly written in our language>

Nettaviser er framtida. Ungdommen legg papiravisene til sides og les på nettet i staden. Også eldre gjer det samme, og kulturministeren følger på i støtteordningane. Eg gjer det ikkje. Eg les gjerne bøker, og nå absolutt sakspapir og artikkelutkast på skjerm. Men norske nettaviser er i mine auge uleselige. Det går sikkert på innhald - alle aviser blir tabolide på nett, men først og fremst:

Det ser ut som om det er ein konsipirasjon mellom nett-redaktørane, at nettavisene skal sjå like ut, og at dei skal vere så stygge og uoversiktlige som mulig. La meg demonstrere, med oppslag frå eit par av dei mest seriøse norske avisene, i dag: Først Aftenposten, oppslagsskjermen, og oversikta over dagens nyheiter:


Sammenlign den med engelske Guardian:






You get the point: Den norske sida har store overskrifter, store bilder, bilde på kvart oppslag og ingen ingressar. Den engelske har ingen eller små bilder, mindre størrelse på overskriftene, og eit ryddig oppslag der ein kjapt ser kva som tilgjengelig. I den norske må du skrolle nedover, nedover, nedover for å sjå kva dei byr på, fordi det skal vere bilde på kvart oppslag - seks oppslag på kvart skjermbilde, mens Guardian har rundt 20 med ingress eller bilde; og i det heile eit relativt rolig skjermbilde, mot det rotete norske - som jo gjerne bryt opp tekstfeltet med reklame som skapar ytterligare rot, mens den utanlandske held reklamen atskilt i høgre felt eller til nød som banner. Og det er ikkje tilfeldig: Sjå på nyheitsoversikta til Bergens Tidende



mot tilsvarande til Le Figaro og La Repubblica, tilfeldig valde ikkje-norske aviser:



Dei har ulik layout, men ingen følger den "norske modellen". Og slik kan vi følge på, sjekk sjøl på tilfeldig valgte store og små aviser i Norge og i andre land; dei norske følger alle "alle lesarar er nærsynte"-modellen, mens alle utanlandske følger prinsippet om å prøve å formidle kva dagens ulike oppslag faktisk er. 

Har det noe å seie? Kanskje det berre avslører at eg ikkje synes innhaldet i dei norske avisene egentlig er noe eg vil kaste bort tid på; det interesserer meg egentlig lite kva Solbakken føler eller kven som fekk parkeringsbot. Kanskje papirformatet - for eg les Bergens Tidende grundig, og Aftenposten når eg er på dei kantar - kanskje det at det er redigert med så og så mange sider til kvar stofftype, slik at det virkar som det redaksjonen har valgt ut er det viktigaste, berre tildekker at det reellt sett er like uviktige ting som står der, mens nettavisene avdekker det eigentlige (manglande) innhaldet? Men eg trur ikkje det, eg trur presentasjonen er eit reelt problem. Formatet som alle norske nettaviser bruker, med store oppslag og lite oversikt, gjer at fokuset til lesaren blir samla på noen få saker (på samme måte som ei tabloid forside), og skjuler det kanskje gode og interessante innhaldet som ville avslørt seg om lesaren hadde fått fleire valg på framsida. Da kunne dei som ville lese om parkeringsbøter gjere det, og dei som ville lese om Kristelig Folkepartis forhold til Arbeidarpartiet finne det. I ei "seriøs avis i tabloid-format" (som BT og Aftenposten) kan vi lett bla forbi forsida og dei seksjonane som ikkje interesserer, men trass i at nettavisene også er delt i seksjonar, er samme layouten - og samme fokus på "det siste denne timen" gjentatt på seksjonssidene, så det gjer det ikkje stort bedre.

Så norske aviser: dersom de vil fase ut papir og få oss over på nett - vær så snill. Bryt med layout-konsiprasjonen. Sjå på korleis dei gjer det i andre land. Konkurrér på utsjånad, og ikkje berre på kort fort de kan bli kvitt eller gjømme bort det som var nyheita for tre timar sidan. Prøv å gjere avisene leselige også for dei som ikkje er interessert i dei seks "største" oppslaga, aksepter at lesarane faktisk har ulike interesser i ei avis. Elles så klarer de ikkje å fylle den funksjonen aviser skal ha, og ei nedtoning av papirversjonane blir eit smertelig og reelt tap både for lesarane og for den offentligheita avisene skal tene.